Vedlikehald av brygger
Vedlikehald, reparasjon og rehabilitering av faste brygger og flytebrygger
Inspeksjonar og vedlikehald over og under vatn
I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me faste avtalar for kontroll og jamleg vedlikehald av brygger, men tek òg enkeltoppdrag frå både privat- og bedriftskundar. Me har eit totaltilbod og kan utføre både inspeksjonar og vedlikehald over og under vatn.
Vedlikehald: Gjer brygger og utliggjarar klare for ny sesong
Me kontrollerer og utbetrar:
sjaklar, kjettingar og tau
fortøyingar, boltar, moringar og andre festeanordningar
iler
boring av nye landfeste
bryggeoverflate
flyteelement og andre undervassstrukturar
Ved bruk av ROV kan me utføre undervassinspeksjon for å kartleggje behov for, eller gjennomføre, vedlikehaldsarbeid.
Rehabilitering av brygger
Ved slitasje eller skadar kan du velje å utbetre sjølv, eller me kan gjere arbeidet for deg. Me nyttar kvalitetsprodukt som er tilpassa norsk klima og skjergard.
Ønskjer du å byggje ut brygga eller gjere andre oppgraderingar, kan vi gjennomføre slike oppdrag på førespurnad.
Levetid på brygge
Ved ekstremvêr er det mange bryggeeigarar som uroar seg for om brygga deira tåler påkjenninga. Ingen vil ut i storm for å feste brygga – difor bør du la oss i Skjærgårdservice AS ta ein titt på brygga di.
Vi tilrår jamleg kontroll og vedlikehald for å kartleggje og utbetre svakheiter.
Er brygga over ti år gamal og det er fleire år sidan sist grundige kontroll og reparasjon, bør du få det gjort. Ventar du til uhellet er ute, kan det fort bli svært dyrt.
Etter at me har gjennomført ein sjekk, får du dette nøye dokumentert med tekst og bilete som kan leverast til forsikringsselskapet for å vise kva tiltak som er utførte.