Kai-inspeksjon
Kontroll, vedlikehald og reparasjon av kai – over og under havflata
Profesjonell inspeksjon og kontroll med ROV
I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me profesjonell inspeksjon, vedlikehald og reparasjon av brygger, kaier og andre marine anlegg – både over og under vatn.
Tenestene våre omfattar grundig overflateinspeksjon kombinert med ROV-inspeksjon for å avdekkje slitasje, rust, korrosjon og mekaniske skadar på konstruksjonar som moringar, forankringar, kjettingar, boltar, flytebrygger, landgangar og andre undervassstrukturar.
Grundig dokumentasjon
Inspeksjonen blir dokumentert med høgoppløyselege videoar og bilete, og me utarbeider ein detaljert rapport med vurdering av tilstand, funn og tilrådde tiltak. Tenesta blir tilpassa både private og offentlege anlegg.
Kva blir kontrollert under inspeksjonen?
Me sørgjer for at brygger og utliggjarar er klare for ny sesong ved å kontrollere og utbetre sjaklar, kjettingar, tau, fortøyingar, moringar og festeanordningar.
Me utfører òg boring og montering av nye landfeste, samt vedlikehald av bryggeoverflater, flyteelement og iler.
Du bestemmer sjølv om du vil utbetre manglane eller overlate arbeidet til oss.
Ved bruk av ROV kan me effektivt inspisere område som elles er vanskelege å nå, og raskt kartleggje behovet for reparasjon eller førebyggjande vedlikehald.
Dette gir tryggare, meir kostnadseffektive og miljøvennlege inspeksjonar som forlenger levetida på kaianlegget og sikrar stabil drift gjennom året.