Rov-tenester

Fjernstyrt undervassinspeksjon

Profesjonell inspeksjon og kontroll med ROV

I samarbeid med Onarheim Ocean tilbyr me profesjonell bryggeinspeksjon, ROV-kontroll og sjekk av fortøyingar for å sikre at bryggene står støtt – også i uvêr

Det finst nesten ingen grenser for kva moglegheiter og bruksområde ein har med ein ROV!

Vår ROV er utstyrt med klo, og kan hente opp gjenstandar. Ho kan òg nyttast til å feste ein krok på ein forlist båt som skal hevast.

Me utfører oppdrag for både privatpersonar og næringsliv.

Kva er ROV?

Remotely operated underwater vehicle (ROV) blir gjerne omtalt som ei undervassdrone eller undervassrobot.

Ein ROV kan nå fram der dykkarar ikkje kjem til på grunn av plassmangel eller risiko.

Med ROV slepp du utfordringar som tidsavgrensingar, djupnegrenser og HMS-omsyn, sidan piloten står trygt på land eller i båt.

Vår ROV har god rekkevidd og kan gå 150 meter. Ho er utstyrt med 4K-kamera som tek både film og bilete under vatn.

Kva kan du bruke ROV til?

ROV kan brukast til alt du vil sjå eller kontrollere under vatn. Det kan vere:

  • Undervassinspeksjon av brygger, kaianlegg, skip og båtar – for å sjekke slitasje eller andre skadar.

  • Søke- og heveoperasjonar – for å kartleggje eller leite etter gjenstandar eller båtar.

  • Inspeksjon av kablar og røyrleidningar – til dømes straum- og kommunikasjonskablar, eller vassleidningar under sjøbotnen.

  • Kartlegging og dokumentasjon av sjøbotn eller undervasskonstruksjonar.

  • Havbruk/oppdrett – inspeksjon og vedlikehald av merdar og iler.

  • Miljøovervaking og prøvetaking – måling av vasskvalitet, sedimentprøver, overvaking av botnforhold og biologisk mangfald

Dokumentasjon og forsikringssaker

Visste du at verksemder må kontrollere bryggene årleg for at forsikringa skal gjelde? Dersom ei brygge slit seg, kan ho gjere stor skade – på båtar, andre brygger, naust eller menneske i nærleiken. Det blir stadig kraftigare uvêr, og ei grundig inspeksjon av brygga di kan vere ei verdifull investering.

Ved bruk av ROV blir ramme, not, flyteelement, fortøyingar og andre undervasskomponentar kartlagde. Du får grundig dokumentasjon av tilstanden, med bilete og eventuelt filmklipp dersom du ønskjer det, som kan leverast til forsikringsselskapet.

Har du ei eldre brygge som ikkje har vore kontrollert på fleire år?