Båtane våre

Alis

Båten Alis i full fart sjøvegen med ein gravemaskin på dekk i samband med sjøtransport..

Alis er moderskipet i flåten vår, og den største investeringa vår så langt. Alis er klassifisert av Sjøfartsdirektoratet og Veritas (DNV) i klassen Skipsfart 4. Det tyder at den kan gå inntil 25 nautiske mil utaskjærs med last, noko som kjem vél med til vårt bruk.

Me er veldig glade over å ha denne flotte båten på på plass. Med den på laget kan me rydda enda meir effektivt i tida som kjem.

Båten er spesialbygd for strandrydding: Kommunikasjons- og styresystem er av topp kvalitet. Her er ein kraftig krane, og fallem i baugen som gjer det enkelt å legga til i fjæra. Styrehuset er romsleg, med gode fasilitetar for lange dagar i kaldt og vått vêr.

I tillegg til ein formidabel lastekapasitet på heile 6,5 tonn, er Alis vanvittig rask! Med 25 knop i marsj-fart og 35 knop i max-fart kjem me oss frå A til B raskare enn dei fleste som nyttar sjøvegen. Det gjer den også heilt ideell til sjøtransport!

Sjå meir av Alis:

Pitlo

Den vesle, men sterke arbeidshesten til Sjkærgardservice, Pitlo, ligg til land ved ein holme.

Pitlo er den vesle, men sterke arbeidshesten vår som glir inn overalt. Den er rask og smidig og med den kjem me til på dei utruligaste stadene. Pitlo er uunnværleg for oss når me er ute på strandrydding mellom holmar og skjær ute i havgapet.

Pitlo in action:

Båss

Båss ein kjekk og hendig mellomstor båt. Den er 24 fot lang (7,99m), 9 fot brei (2,99 m) og har ein lastekapasitet på 1,2 tonn.

Krana tar 400 kg på utstrekt arm og har ei kraftig nokke (kraftblokk).

Båss er ein båt me nyttar til både strandrydding og til sjøtransport. Den har ein marsjfart på 20 knop, og kan mange stader leggast til land rett i fjæresteinane.

Ei teneste frå oss og båtane våre?

Me er her! Ta kontakt for ein uforpliktande prat, anten du er interessert i ein ryddeavtale, treng sjøtransport eller går med tankar om event eller teambuilding til sjøs.

To frå mannskapet til Skjærgardservice står ombord i båten Alis og to står på kaien etter å ha plassert ei gravemaskin og ein firhjuling ombord på den sterke og raske båten Alis.