Sjøtransport

Henting og levering i rett på kai eller i fjæra - akkurat der du ønsker!

Me tar det sjøvegen
– enkelt og greitt!

Har du noko som skulle vore transportert frå kai til kai? Me utfører sjøtransport i Sunnhordland for både firma og privatpersonar, og kan frakta t.d. material, maskinar, dyr osv.

Båten Alis ligg i Sævarhagsvikjo på Stord med ein gravemaskin på dekk som skal fraktast sjøvegen.

Ideell båt for sjøtransport

I tillegg til ein lastekapasitet på 6,5 tonn, er Alis vanvittig rask! Med 25 knop i marsjfart kjem me oss frå A til B raskare enn dei fleste som nyttar sjøvegen. Det gjer den også heilt ideell til sjøtransport!

Båten Alis i full fart sjøvegen med ein gravemaskin på dekk som skal fraktast frå kai til kai.

Raskt, rimeleg og miljøvennleg!

Hugs at transport som går sjøvegen ofte er både raskare, billegare og meir miljøvennleg enn tradisjonell transport med bil. Dessutan både hentar me og leverer rett på kai eller i fjæra - enklare blir det ikkje!