Me ryddar strendene!

Vil du eller bedrifta di bestilla ein ryddeavtale og bidra for å nå FN sine bærekraftmål?

Me gjer ryddejobben - med di støtte!

  • Båten Alis frå Skjærgardservice ligg i fjøra vest i havet. Ein frå mannskapet ber ombord søppel samla ved strandrydding.

    Profesjonell strandrydding

    Skjærgårdservice driv profesjonell strandrydding – strukturert, organisert og målretta rydding av plast og anna avfall som strøymer inn over strendene våre. Me ryddar også der ingen andre ryddar, og tek oss fram kor som helst langs den lange og kronglete strandlina vår.

  • Søppel i fjøresteinane vest i havet er samla i sekkar, og ligg klar for henting av Skjærgardservice

    Ryddeavtalar for næring og offentleg verksemd

    Me tilbyr ryddeavtalar til næringslivet og det offentlege. Når verksemda di kjøper ein ryddeavtale frå oss, vil de få ein heilt konkret rapport i retur som viser kor mykje me har rydda og kvar me har rydda for dykkar investering.

  • Båten Alis frå Skjærgardservice på veg ut i havet for strandrydding ved Slåtterøy fyr, Brandasund.

    Realisér FN sine bærekraftmål!

    Det er tid for handling når det gjeld miljø og bærekraft! Ein ryddeavtale hos oss, bidreg til reinare strender! Det er fint å vita. I tillegg veit du at verksemda di med dette har gjort eit heilt konkret tiltak for å nå eitt eller fleire av FN sine bærekraftmål. Fint å vita det også - ikkje sant?

  • Båten Alis frå Skjærgardservice ute mellom holmar og skjer vest i havet for strandrydding.

    Tilskot til rydding frå fond og organisasjonar

    Eit viktig grunnlag for drifta vår er midlar me får tildelt gjennom fond og organisasjonar. Akkurat no er me veldig glade for at Handelens miljøfond har valgt oss som samarbeidspartnar i det nasjonale Rydd Norge-programmet. Det gjer at me kan satsa målretta og systematisk med ryddeprogrammet vårt, akkurat slik me ønskjer.

  • Mannskapet ombord på Skjærgardservice sin båt, Alis, festar eit stort lass med søppel til skipet sin løftekrane

    Ryddeavtalar for privatpersonar

    Me sel også ryddeavtalar til privatpersonar. Ønsker du å bidra konkret i miljøarbeid, er dette noko for deg. Eller kanskje ein ryddeavtale er den perfekte gåva til den som har alt? Ta kontakt, så skreddarsyr me ein avtale ut frå den verdien du vil legga i det. I retur får du ei enkel stadfesting som viser kor me har rydda for akkurat di investering.

  • Skjærgardservice sin båt, Alis, på veg inn frå havet med søppel på dekket, henta frå ein ryddeaksjon.

    Frivillig rydding

    Me heiar heilhjarta på alt det flotte arbeidet som vert gjort på dugnad for strendene våre. Me trur på den forskjellen kvar og ein av oss kan gjera! Derfor vil me sei: Ta gjerne kontakt med oss dersom du engasjerer deg frivillig og treng hjelp til noko frå oss. Me kan til dømes stilla med båt for transport av søppelet de ryddar.

Det nyttar!

Før og etter strandrydding

Strandrydding i bilde